Temperatur og vasskvalitet ved 8 badeplassar i sommer

Me har mange fine badeplassar i Time, og desse er populære blant både små og store badarar.

Klikk for stort bilete

Frå midten av juni til slutten av august vil me måla temperatur og vasskvalitet ved sju badeplassar.  

Sjekk temperatur og kvalitet på badevatn

Me tek prøvar av badevatnet annakvar veke gjennom badesesongen.  Resultat frå prøvane vil vera klar eit par dagar etter måledato og vert publisert på denne sia. 

Skilt

Er det dårleg kvalitet på badevatnet vert det sett opp skilt der me rår ifrå bading på den aktuelle badeplassen.