Ta vare på deg sjøl og kvarandre

Ta vare på deg sjøl og kvarandre i ei utfordrande tid. 
Klikk for stort bilete ill: helsenorge.no  

Me har levd med koronareglar ei stund, og dette har hatt innverknad på kor mange me har lov å vera saman. Av og til kan det vera vanskelege dagar.  Det er reglar for kor mange me har lov å vera samla. Det er heller ikkje så lett å reisa som det er til vanleg. Om du kjenner nokon som du veit er åleine, så kan det bety mykje om du tek ein telefon og slår av ein prat. 

Det kan av og til vera nyttig å snakka litt med andre om det er litt stridt i kvardagen akkurat nå. Kommuneoverlege Øystein Øgaard seier det slik: «Det er fleire som kan hjelpa i ein utfordrande kvardag.  Om du ønsker kontakt med hjelpeapparatet så ta kontakt med fastlegen din.  Vedkomande kan svara deg, og viss ikkje så kan han/ho setta deg i kontakt med den som kan vera aktuell for å hjelpa deg.»   

Han viser vidare til at det å vera fysisk aktiv er alltid positivt for både den fysiske og psykiske helsa.  På Folkehelseinstituttet sine nettsider er det mange gode råd.  Kommuneoverlegen trekker fram det å vera aktiv og sosial, men likevel halda smittevernreglane med minst ein meter avstand og vera heime om du ikkje føler deg frisk. 

Kommunepsykolog Veronica Salte følger opp det kommuneoverlegen seier og held fram gode rutinar i kvardagen.  «Eg meiner det er viktig å halda på gode rutinar i kvardagen.  I desse tider er det mange som har mange tradisjonar med familie og venner.  Dei fleste kan me ikkje gjennomføra i år.  Men det er viktig at me minner kvarandre på å ta opp att desse når det er mogleg igjen», held Veronica fram.

Me har fleire tiltak i kommunen som kan vera til hjelp når situasjonen ser tung og vanskeleg ut.
Bjarte Sælevik, verksemdleiar for psykisk helse og rusarbeid i kommunen ønsker at folk er litt i forkant.  «Synes du at kvardagen ser litt vanskeleg ut akkurat nå, så ta kontakt med hjelpeapparatet før det vert krise.  Det kan hjelpa med nokon å snakka med».

På fleire nettsider er det god informasjon som kanskje kan vera til hjelp.
Psykisk helse og levevaner
Fem råd for sterkere psykisk helse
Assistert selvhjelp- korona
Ta vare på deg selv og andre 
Tiltak for å motvirke sosial isolering under pandemien 


I desse tidene har me sett kor god støtte og hjelp det er med alle dei som jobber frivillig i nærmiljøet vårt.  Anita Stokdal er koordinator for frivilligarbeidet i Time kommune.  Ho roser alle som er – og har vore - med på dette arbeidet, ikkje minst nå inn i jule- og nyttårshelga.  Kafeen på Sivdamsenteret vil ha ope frå kl. 08.00 til kl. 14.00 alle kvardagar i romjula.  Her er det mogleg å slå av ein drøs om nokon ønsker det.  Gjer då ein avtale på telefon 904 77 858, slik at det er mogleg å halda smittevernråda. 
Bryne Røde Kors arrangerer i også i år julaftan på Røde Kors huset på Bryne.  Eit flott tiltak for innbyggarane i kommunen. 

Helsestasjonen, tilbodet for dei minste barna og foreldra deira, har ope som vanleg på kvardagar.  Marianne Nesbø er leiar for helsestasjonen og ho seier at dei er tilgjengelege som vanleg for alle innbyggarane som får tilbod hos dei.  På nettsida til helsestasjonen er det gode råd og tips for å få ha ein så god kvardag som mogleg.  Her finn de også opningstider og kontaktinformasjon.

Time kommune ønsker at alle innbyggarar kan finna gode opplevingar i denne utfordrande tida.