- Ta ein for laget

Klikk for stort bilete Kommuneoverlegane i Klepp, Time og Hå er uroa over den auka smitten på Jæren, og ber folk om å vera ekstra nøye på å følgja smittevernråda framover.

- Det er viktig å halda seg til dei nasjonale reglane. Unngå mingling og tette køar. Ta gjerne ein for laget og vurder om det er nødvendig å ha det aktuelle arrangementet. Kanskje det kan vera lurt å utsetja, seier Gerd Signy S. Omland, kommuneoverlege i Hå.

Erfaringane viser at det er mest smitte blant vaksne. Det klare rådet frå kommuneoverlegane er derfor at arrangement for barn og unge bør prioriterast framføre arrangement for vaksne.

Ekstra forsiktige
Viss smitten stadig aukar kan det bli aktuelt med strengare reglar på Jæren, men kommuneoverlegane håper at det ikkje skal vera nødvendig.

Dei ber folk om å vera ekstra forsiktige nå i november.

- Dersom me gjer ein skikkeleg innsats nå, kan det vera at tiltaka kan mjuknast opp fram mot jul, seier Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp.

Hugs smittevernreglane
Smittevernreglane er stort sett godt kjent blant folk, men det er lett å gløyma dei av. Kanskje aller mest når du har besøk heime, eller når du er i private tilstelningar.

- Me må halda fram med å minna kvarandre på smittevernreglane:
Vask hender, hald avstand, hald deg heime ved sjukdom og test deg og avgrens talet på menneske du møter privat. Dette er noko alle kan bidra med i smitteverndugnaden, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Meir informasjon om smittevernreglane