Sweco Norge AS er vinnar av plan og design-konkurransen på Rosseland

Time kommune utlyste tidleg i haust konkurranse for korleis Kong Haakons veg på Rosseland skal kunna møta utfordringar med overvatn, samt vera ein trafikksikker veg.
Klikk for stort bilete Illu. Sweco Norge AS  

Vinnaren er prosjektet «Del av noe større» som ingeniørfirma Sweco Norge AS har utvikla. Kåringa er føretatt av ein jury som har bestått av både interne og eksterne fagpersonar. Om vinnarforslaget startar juryen grunngjevinga si  med:

«Vinnerutkastet fremstår som elegant og gjennomførbart og har mange grønne kvaliteter. Juryen liker hvordan forslaget knytter Kong Haakons veg til resten av Bryne gjennom den overordnede analysen. Det er også fine forslag til hvordan barn og unge kan aktiviseres gjennom medvirkning og konkrete tiltak knyttet til nedbør og overvannshåndtering i sin lokale gate.»

Nå vil kommunen gå i dialog med vinnarane for å sjå på detaljar i forslaget. I tillegg vil aktuelle grunneigarar verta kontakta for å få ei avklaring på om dei føreslegne løysingane er moglege å gjennomføra i praksis.

Vinnarutkastet vil vera utgangspunkt for det vidare arbeidet med reguleringsplanen for området. Forslaget vil nå utviklast vidare, slik me er sikre det er tilpassa grunneigarane og dei innspela som er komne til kommunen etter varsla oppstart på reguleringsplan for området.  Planforslaget vil så verta gjort offentleg og sendt ut på høyring til aktuelle parter, før endelig justert forslag vert lagt fram til godkjenning i kommunestyret. Me håper å ha eit realistisk forslag ferdig til presentasjon i midten av juni nå i år. Endelig godkjenning i kommunestyret håper me kan verta i oktober 2020, altså nå i haust.

Når me har fleire detaljar klare, vil me invitera til nytt informasjonsmøte på Rosseland. Om nokon allereie nå har kommentarar til vinnarforslaget, eller gode idear me bør ta med oss vidare, oppfordrar me at de sender dette skriftleg til kommunen på: post@time.kommune.no og merker det med plan nr 0518.00 Kong Haakons veg.

Det var totalt fire firma som deltok i sluttfasen for konkurransen. Dei andre løysingsforslaga er ikkje rangerte, men er beskrevne i juryen sin rapport. De andre firmaa var; Dronningen Landskap AS, Cowi AS og Asplan Viak AS.

Time kommune håper me får til ein open og god prosess framover, slik at me saman kan finna den beste løysingar for alle som bur ved, og brukar Kong Haakons veg.

 

 

Klikk for stort bilete Illu. Sweco Norge AS Klikk for stort bilete Illu. Sweco Norge AS