Storstova stengt ut januar - maks 20 gjester på Bryne kino

Klikk for stort bileteRegjeringa anbefalte i går at kulturarrangement vert utsett om desse samlar personar frå fleire kommunar. På bakgrunn av dette, og i lys av smittesituasjonen i vår region, vert Storstova stengt ut januar. 

I løpet av onsdag 20. januar vil me legga ut informasjon på storstova.com om kva dette vil innebera for planlagde arrangement, billettar, og refusjon.

Bryne kino vil ha ope, men resten av månaden vil det vera ei begrensing på maksimalt 20 personar per førestilling. 

Nasjonale anbefalingar, og smittenivået i regionen vår, vil vera førande for når Storstova opnar igjen. Me vil ta ei ny vurdering av dette i slutten av januar, eventuelt tidlegare om situasjonen tilseier det.