Statsråd besøkte Time

Klikk for stort bileteStatsråd Linda Hofstad Helleland, ordførar Reinert Kverneland, og stortingsrepresentant Margret Hagerup utanfor rådhuset etter møtet.Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøkte i dag Time kommune for å høyra om planane for mogleg etablering av datasenter/kraftkrevjande industri på Kalberg.

Statsråden tok sjølv initiativ til møtet i samband med si reise i regionen. Ordførar Reinert Kverneland og gruppeleiarane i dei politiske partia i Time var med på møtet der administasjonen presenterte korleis prosessen på Kalberg har vore fram til no. Eirik Gundegjerde frå Lyse var også invitert, og han hadde eit innlegg om moglegheitene for næringsutvikling på Kalberg.

Kommuneplan 2018 - 2030
Klikk for stort bileteKommunalsjef Bjørn Meling presenterte arbeidet med arealdelen i kommuneplanen.
Arealdelen for område Kalberg – Frøyland - Kvernaland i kommuneplanen for 2018 – 2030 er under arbeid. Planprogrammet er no ute på høyring med høyringsfrist 20. juni.

Prosessen vidare er at det skal utarbeidast eit planforslag som skal behandlast av formannskapet i haust. Dette planforslaget vil då bli lagt ut på ny høyring. Etter planen skal det endelege planforslaget behandlast av kommunestyre våren 2021.