Søknad til barnehageplass og påmelding til SFO

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane og påmelding til SFO er 1.mars 2021

Klikk for stort bilete 

Søknad om barnehageplass

  • Det er samordna opptak mellom dei private og kommunale barnehagane.
  • Søknad skal skje elektronisk via nettsida til kommunen.
  • Du kan få hjelp til å søkja elektronisk hjå Innbyggarservice i Time rådhus.

Rett til barnehageplass:

  • For å ha rett til barnehageplass må barnet bu i Time kommune ved oppstart i barnehagen, vera fødd før 01.12.2020, og ha levert søknad innan søknadsfristen.

Bytte av barnehage eller endring av opphaldstid

  • Alle som har barnehageplass og som ønsker å bytta barnehage må søkja på nytt. Dei som får godkjent bytte av barnehage mistar automatisk nåverande plass.
  • Ønsker du å endra talet på dagar i barnehage frå august 2021 må dette óg gjerast elektronisk innan 1. mars 2021.

 

Påmelding til SFO

  • Påmelding skjer elektronisk via nettsida til kommunen eller via nettsida til aktuell skule.
  • Frist for påmelding er 1.mars 2021.

 

Endring av opphaldstid eller oppseiing av plass i SFO

  • Ønsker du å endra talet på dagar eller seia opp SFO plassen frå august 2021 må dette gjerast elektronisk innan 1.juni 2021.