Søknad om barnehageplass og påmelding til SFO

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane og påmelding til SFO er 1.mars 2020

Klikk for stort bilete 

Søknad om barnehageplass

Det er samordna opptak mellom dei private og kommunale barnehagane. Søknad skal skje elektronisk

Du kan få hjelp til å søkja elektronisk hjå Innbyggjarservice i Time rådhus.

 

Rett til barnehageplass:

For å ha rett til barnehageplass må barnet bu i Time kommune ved oppstart i barnehagen, vera fødd før 01.11.2019 og ha levert søknad innan søknadsfristen.

 

Bytte av barnehage eller endring av opphaldstid

Alle som har barnehageplass og som ønskjer å bytta barnehage, må søkja på nytt. Dei som får godkjent bytte av barnehage mistar automatisk nåverande plass.

Ønskjer du å endra talet på dagar i barnehage frå august 2020 må dette óg gjerast elektronisk innan 1. mars 2020.

 

Påmelding til SFO

Påmelding skjer elektronisk eller via heimesida til aktuell skule. Frist for påmelding er 1.mars 2020.

 

Endring av opphaldstid eller oppseiing av plass i SFO

Ønskjer du å endra talet på dagar eller seia opp SFO plassen frå august 2020 må dette gjerast elektronisk innan 1.juni 2020.