Søk om næringsstøtte

Klikk for stort bileteI krisepakke fase tre frå regjeringa, har Time kommune fått tildelt kr 1.368.016. 

Midelene vil verta vidare tildelt gjennom oppretting av eit midlertidig kommunalt næringsfond. Kr 800.000 vert sett av til felles reiselivssatsing på Jæren. Tildelinga skal gjera det mogleg for kommunen å legga til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar, det kan gis støtte til ulike bedriftsretta tiltak samt unntaksvis prosjekt og satsingar som kommunen vel å gjennomføra i eigen regi.

Tildeling skjer med bakgrunn i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet, og Retningslinjer for Time kommune (PDF, 159 kB)

Kven kan søka om støtte?

Det kan gis tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Med næringsaktørar vert meint ein aktør som tilrettelegg for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal leggast vekt på.

Vurdering av søknadar

I vurderinga av søknadane om tilskot skal det leggast særleg vekt på

  • I kor stor grad tiltaket fremjer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til å etablerera og andre næringsretta tiltak antas å motverka negative verknadar av covid-19-utbrotet.
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang

Retningslinjene for næringsfondet gir eit stort handlingsrom for kven som kan søka å få tildelt midlar. Kommunen ønsker likevel å framheva tre kategorier som vil verta vektlagt:

  1. samarbeidsprosjekt/prosjekt med positiv effekt for fleire bedrifter
  2. kompetansetiltak – herunder tiltak som legg til rette for fleire lærlingar/bedriftssamarbeid for fullverdig kompetanseplanar for lærlingar
  3. tiltak innanfor reiselivet grunngitt med at denne bransjen er særleg ramma av korona-tiltaka.

Tilskot frå denne støtteordninga er å sjå som offentlig støtte og vil gis i tråd med regelverket for dette. Søker må av den grunn oppgi nødvendig informasjon for å kvalifisera innanfor dette regelverket. All nødvendig informasjon knytt til dette kan svares ut i søknadsskjema eller som vedlegg til søknaden.

Tilskot 

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstiga 75 prosent.

Utbetaling av støtte

Tilskotsmidlane skal utbetalast etterskotsvis, men kan likevel delvis utbetalast etter kvart som mottakaren av tilskotet dokumenterer framdrift i gjennomføring av tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet kan koma i gang, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Søknader

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen.

Behandling

Søknadsportalen er open frå og med 31. august med frist 20. september. Eventuelle restmidlar som ikkje vert fordelte i ordinær søknadsrunde med frist 20. september 2020, vil ein kunna søka på fortløpande etter dette.

Har du spørsmål, kontakt næringssjef Reidar Hebnes, tlf. 975 87 654.