Søk om koronamidlar til næringslivet

Vipe Ingve Lende Er bedrifta di ramma av smitteverntiltaka? Då kan du søka kommunen om støtte.

Time kommune har fått tildelt i overkant av 2,8 millionar kroner i ekstraordinære statlege koronamidlar for støtte til næringslivet. Me oppfordrar alle relevante verksemder til å søka.

Søknadsfristen er 17. september 2021

Kven kan søka?

  • Alle verksemder i Time kommune som er, eller har vore hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, kan søka.
  • Verksemder som har hatt auka kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstengning, eller som av ulike grunnar fell utanfor andre kompensasjonsordningar vert prioriterte.
  • Denne løyvinga fungerer og som ei ventilordning/nødhjelpsordning for føretak og gründerbedrifter som heilt eller delvis fell utanfor den generelle kompensasjonsordninga.

Tildelingsbrevet frå kommunaldepartementet kan du lesa her

Kor mykje kan du få?

Søknadane vert vurderte og tildeling skjer etter ulike kriteriar basert på størrelsen til verksemda, dokumenterte utgifter eller inntektsbortfall knytta til restriksjonar, mangel av kompensasjon gjennom andre ordningar og moglege ringverknader.

Den totale summen er 2,8 millionar kroner og skal fordelast på fleire aktørar.

Korleis kan eg søke?

Send søknaden snarast og innan 17.09.2021.

Søknadsskjema - koronamidler til næringslivet

Generelt:

Den økonomiske støtta reknast som offentleg støtte og fell inn under regelverket for bagatellmessig støtte. For å kunne motta midlar frå kommunen, kan ikkje verksemda ha mottatt meir enn 200 000 euro i støtte frå det offentlege dei seinaste tre regnskapsåra. Det er verksemda sitt ansvar å følga opp totalbeløpet og halde seg innanfor ramma. 

Meir informasjon om regelverk for bagatellmessig støtte finn du her.

Midlar mottatt gjennom den generelle kompensasjonsordninga for korona, er ikkje å rekna som bagatellmessig støtte.

Andre moglegheiter til å søke støtte:

Rogaland Fylkeskommune har fått auka ramma for tilskudd til bedriftsintern opplæring (BIO-ordningen). Ordninga er meint å bidra til å styrka kompetansen til tilsatte i bedrifter som har omstillingsbehov, og som må foreta ei vesentleg endring av bedriftens produksjon eller etablera seg på nye marknader. Søknadar til BIO-ordninga vert vurdert raskt og fortløpande. Kvar bedrift kan få inntil 400 000 kroner.  

Meir informasjon om BIO-ordningen og søknadsskjema finn du her