Time kommune gjev deg god opplæring som kan føra til fagbrev innan studieretninga di.
Som lærling i Time kommune får du arbeida på fleire forskjellige arbeidsplassar ut frå ein læreplan i ditt fagområde. Målet vårt er at alle lærlingane skal ha stor breidde i læretida si.
Tilbodet til lærlingar i Time
Me har oppstartsmøte for alle nye lærlingar våren før de startar.
På kvar lærestad er det faste instruktørar som har ansvar for rettleiing og oppfølging.
Gjennom heile læretida har me organiserte nettverksmøte på dei ulike fagområda.
Me har utarbeida ein opplæringsperm med alle kompetansemåla, som du arbeider med i læretida i hos oss. Permen er ein del av dokumentasjonen på gjennomført læretid i Time kommune.
For at du skal trivast fagleg og sosialt, vil me legga til rette for:
- Læreplass med variert praksis
- Gode læreforhold
- Fast kontaktperson
- Lærlingetreff
Lønn
Lærlingane vert tilsette på dei vilkåra som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Lærlingane vert lønna med utgangspunkt i fagarbeidarlønn:
- 1. halvår = 30 % lønn
- 2. halvår = 40 % lønn
- 3. halvår = 50 % lønn
- 4. halvår = 80 % lønn
Spørsmål om læreplass i Time kommune kan rettast til vår lærlingkoordinator Katrine Aure:
tlf. 917 35 713
e-post: katrine.aure@time.kommune.no
Søk læreplass
Møt nokre av lærlingane våre:
Maren, lærling i helsefag
Kristian, lærling i IKT
Erika, lærling i barne- og ungdomsarbeid