Slutt for Jæren kemnerkontor på Bryne

Frå 1. november er Jæren kemnerkontor ein del av skatteetaten. 
Klikk for stort bilete Synnøve Obrestad Skrettingland  

Frå 1. november er ikkje skatteoppkrevjaren (kemneren) ein del av kommunen.

Jæren Kemnerkontor starta etter initiativ frå dei tilsette på kontora i kommunane Time og Hå. Etter kvart kom også Klepp og Gjesdal med og 1. januar 2013 var starten på eit felles kemnerkontor for jærkommunane. Time kommune har vore vertskommune for samarbeidet.

Med å slå saman fire «små» kontor til eit større fellesskap har kontoret effektivisert drifta samla sett.  Dei har kunna teke vare på lokalkunnskapen og gjeve publikum god service. 

Ved kontoret er det 9,5 årsverk, fordelt på 10 personar.  Dei jobba fram å kunna hjelpa innbyggarar og firma med å finna gode løysingar når det gjeld innkrevjing og utbetalingar av skatt. Kontoret har gjennomstrøyming av rund 8 milliardar kroner kvart år. 

Kemner Ivar Slettebø takka for gode år på Bryne.  Nå skal dei tilsette ha arbeidsstad på skatteetaten i Stavanger (Paradis) eller i Egersund. 

Oppgåvene som er overførte frå kommunane til Skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift. 
Kontakt med skatteetaten får du nå på skatteetaten.no eller telefon 800 80 000.