Slik fungerer den nye luftvegslegevakta

Klikk for stort bilete Klepp kommune Dette bør du vita om den felles legevakta i Klepp.

Måndag 16. mars opna ei felles luftvegslegevakt på Kleppetunet. Tilbodet er eit samarbeid mellom dei fem kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes og Gjesdal, og er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom.

I tillegg er det vanleg legevakt på Stangeland (Sandnes) og Bekkeheien (Hå) for folk som har akutt behov for legetilsyn og som ikkje har luftvegssymptom. Innbyggarar i Klepp skal reisa til Stangeland, innbyggarar i Time skal reisa til Bekkeheien.

Kven skal eg ringa?

Har du akutt sjukdom eller skade og samtidig symptom frå luftvegane? Forkjøla, hoste, influensasymptom, feber og føler deg sjuk? Då skal du ringa fastlegen din på dagtid.

Etter klokka 15.00 og i helgene ringer du legevakta 116117. Du vert så sett over til luftvegslegevakta. Luftvegslegevakta vurderer om du skal ha time, eller om det kan venta til fastlegekontoret opnar.   

Verneutstyr må til

Ellen Marie Kalberg er til vanleg leiar for legevakta i Klepp og Time. Nå koordinerer ho personell frå alle fem kommunane som er med i samarbeidet på Kleppetunet.

– Det kan jo vera greitt at både ungar og vaksne er litt førebudde når dei skal møta folk i «Teletubbie-klede» for første gong, seier Kalberg.

For å unngå smitte har både sjukepleiarane og legane ved luftvegslegevakta på seg verneutstyr heile tida. Mellom anna har dei nokre dressar som nesten kan likna på onepiece.

I tillegg har dei frakkar og nokre gonger visir. Alt dette er for at det skal vera så trygt som mogleg, både for dei som jobbar der og for alle som kjem innom.

Klikk for stort bilete Klepp kommune  

 Du skal venta i bilen

– Det er ingen som skal koma til luftvegslegevakta utan at det er avtalt og ein har fått time. Alle må ringa 116117 først. Så vil nokre få time i teltet, medan andre vil få time inne på sjølve legevakta, fortel Kalberg.

Om du skal inn i bygget, ventar du i bilen til ein av dei tilsette kjem ut og hentar deg. Så får du beskjed om kva dør du skal bruka.

Dei som skal møta i teltet med lege og sjukepleiar, skal parkera bilen på sida av teltet. I starten køyrde ein gjennom dette teltet, men det vart så kaldt at teltet nå er stengt.

Det er òg eit eige telt for testing. Her treng du ikkje å gå ut av bilen, men køyrer gjennom.

– Me ønsker at folk sit på førarplassen eller i venstre baksete om dei skal testast. Så blir det teke prøve frå bak i nasen og svelget, forklarer Kalberg.

 

Meir informasjon om luftvegslegevakta

Information in English, Polish and Arabic:

English   Polski   ارابيكا