Skulebruksplan og skulekrinsar i Time kommune

Skulebruksplanen for 2020-2028 blei vedteken i Time kommunestyre 27.oktober. 

Klikk for stort bilete 

Hognestad skule vert ikkje lagt ner slik det var foreslått i skulebruksplanen (PDF, 3 MB).   Skulekrinsgrensene (PDF, 3 MB) i skulebruksplanen er rettleiande fordi skulekrinsgrensene i Time vart oppheva i 2012.  Elevane i kommunen har fritt skuleval så lenge det er kapasitet på skulen dei søkjer seg til.

Vedtak i Kommunestyret 28.10.2020

1. Drifta på Hognestad skule blir oppretthalde. Kommunestyret ber administrasjonen greie ut korleis Hognestad skule kan rehabliterast for ein betydelig lågare sum enn det som er beskreve i saka.

2. Det skal innarbeidast midlar til utviding av kapasiteten for spesialrom og grupperom ved Rosseland skule, samt utbetring av uteområdet, i økonomiplanen for 2022-2025.

3. Behovet for ny barneskule på Bryne skal vurderast på nytt i neste skulebruksplan som skal leggjast fram i 2024. 

4. Alternativ 2B for rettleiande inntaksgrenser for ungdomsskulane på Bryne vert vedtatt.

5. Time kommune inngår vertskommunesamarbeid med Klepp kommune om felles ATO-avdeling i Klepp. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida forslag til avtale som skal leggjast fram for kommunestyret. 6. Tiltak og mål for ein betre kjønnsbalanse i skulane skal implementerast i skulebruksplanen ved neste rullering. Statistikk over kjønnsbalansen skal og implementerast.