Skular og barnehagar stenger ordinær drift

Klikk for stort bileteSkular og barnehagar stenger ordinær drift Time kommune Alle barnehagar og skular i Time stenger ordinær drift frå og med kl 18.00 torsdag 12.03. til 26.03.20 kl. 20.00. 

Alle barnehagar og skular i Time stenger ordinær drift frå og med kl 18.00 torsdag 12.03. til 26.03.20 kl. 20.00. 

Alle barnehagar og skular skal ha eit omsorgstilbod til barn i barnehage og elevar på 1.-4. trinn, som har foreldre/føresette som arbeider innanfor helse - og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjoner. I tillegg skal ein unngå at personer i risikogrupper vert brukt til barnevakt.

Særskilde omsorgsbehov

Det same gjeld for barn med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt. 

Foreldre/føresette må melda frå til den aktuelle barnehagen/skulen, dersom dei meiner at barnet har rett på eit omsorgstilbod. 

Dette omsorgstilbodet gjeld ikkje viss:

  • du er i karantene
  • barnet har ein annan omsorgsperson som ikkje har eit slikt yrke

Opplæringstilbod når skulen er stengt
Skulane får ansvar for å driva eit opplæringstilbod for dei øvrige elevane på 1. til 10.trinn, der dei legg til rette for at elevane utfører skulearbeid heime. Det vil seia at lærarane driv undervisning gjennom digitale kanalar.

Dette er nemnt som kritiske samfunnsfunksjonar: 

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Meir informasjon om koronavirus