Sivilforsvaret testar flyalarmane 8. juni

Bilde av flyalarm - Klikk for stort bilete

 

To gonger i året, i januar og i juni, testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekka at dei verker og for å reparera dei som er defekte.  

Onsdag 8. juni kl. 12:00 testar dei varselet «Viktig melding – søk informasjon», i alle kommunar som har varslingsanlegg. I Time kommune er varslingsanlegga plasserte på taka til Time rådhus og Bryne ungdomsskule.  

Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søka informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på myndigheitene sine nettsider og i sosiale medium.  

1 250 flyalarmar

Noreg har 1 250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstadar, og signala kan høyrast av cirka halvparten av befolkninga.