Siste nytt om testing og hurtigtesting

Kven kan få gratis hurtigtest? Kor kan eg henta hurtigtest i jula? Kva skal eg gjera om testen er positiv? Kan eg testa meg ut av karantene? Svar på spørsmåla får du her.

Kva skal eg gjera om hurtigtesten er positiv?

  • Du må isolera deg frå andre
  • Registrer testresultatet ditt på hjemmetest.remin.no/time
  • Om du ikkje får registrert testresultatet på nett, må du ringa smittesporingsteamet: Telefon 903 60 795 (ope klokka 09.00 - 22.00)
  • Du må bestilla vanleg test på c19.no innan 24 timar
  • Gi beskjed til dei du har vore i kontakt med 48 timar før du fekk symptom (nærkontaktene dine)
  • Varsla arbeidsplass eller skule/barnehage
  • Varsla leiar så fort som mogleg viss du er helsepersonell

Isolasjonstida er 6 dagar frå symptomstart. Har du ikkje symptom må du vera i isolasjon 6 dagar frå testdato. For meir informasjon sjekk FHI sine sider:

Til deg som må i isolasjon

Kven kan få gratis hurtigtest?

Det er kun desse som kan få gratis hurtigtestar:

  • Dei som har symptom på covid-19. Uansett alder og vaksinestatus. 
  • Dei som har fått oppfriskningsdose for minst 1 veke sidan, men som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta. Krav om testing for å unngå karantene. Dette gjeld først og fremst dersom du skal testa deg for å gå på jobb. (7 testar)
  • Husstandsmedlem eller tilsvarande nær som ønsker å testa seg ut av karantene etter 7 døgn. Skal ta ein test så fort som mogleg, og ein test på døgn 7 for å avslutta karantenen. Gjeld alle aldrar og uansett vaksinestatus. (2 testar)
  • Dei som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær til ein smitta, men ikkje ønsker å testa seg ut av karantene. Skal tas så raskt som mogleg. Uansett alder og vaksinestatus. (1 test)
  • Øvrige nærkontaktar som vil testa seg ut av karantene etter 3 døgn for å gå på jobb/ skule, og på nytt igjen etter 7 døgn for å avslutta fritidskarantenen mellom døgn 3 og 7. For dei under 18 år er det ikkje eit krav med testing, men ei anbefaling. (2 testar)

Me deler altså ikkje ut hurtigtestar til idrettslag, bedrifter eller dei som skal delta på arrangement, som til dømes eit juleselskap. Hurtigtestane er heller ikkje til dei som tester seg for sikkerhets skuld, eller ønsker å ha testar liggande klare til seinare bruk. Dette er i tråd med det myndighetene har bestemt. 

Til alle andre formål må du kjøpa testane sjølv hjå apotek eller andre forhandlarar. 

Mogleg å testa seg ut av karantene med hurtigtest

Frå 22. desember er det mogleg å testa seg ut av karantene også med hurtigtest. Tidlegare måtte det skje med PCR-test. Nå er det valfritt.

Det er stor pågang på hurtigtestane, og det kan gå tomt ved nokre utleveringsstader. Dersom du har tid til å venta på ein pcr-test, kan det vera eit godt alternativ

Kor kan eg henta gratis hurtigtestar?

  • Time rådhus (mån-fre kl. 09.00 - 15.00). Stengt julaftan og nyttårsaftan. 
  • Coop Prix Undheim 
  • Coop Extra Lye
  • Coop Extra Kvernaland
  • Kiwi Rosseland
  • Shell v/ M44 
  • Bryne kino

Bensinstasjon og butikkar i lista over har testar så langt lageret rekk. Me kan ikkje garantera at dei har hurtigtestar til utlevering heile jula. 

Send ein annan person for å henta testen om du har symptom. Du kan få med deg éin test til kvar person som skal testa seg. Me har dessverre ikkje nok testar til at du kan ta med heim og ha hurtigtestar i beredskap. 

Du kan forventa at utleveringsstaden vil spør nokre kontrollspørsmål, for å avklara kor mange testar du skal ha.

Opningstider i jula for henting av hurtigtestar ved teststasjonen Kleppe:

Jul-og nyttårsaftan: 09.00 -12.00
1. og 2. juledag: 09.00-11.00 og 12.30-14.30
1. nyttårsdag: 09.00-11.00 og 12.30-14.30
Kvardagar 09.00-11.00 og 12.30-17.00