Seminar for pensjonistar

Klikk for stort bilete Korleis kan ein sjølv ta grep for å leva eit godt liv? Det var temaet på konferansen som alle pensjonistane i Time kommune var inviterte til 13. juni i den nye kinoen på Bryne.

Det var  fyrste gong Time kommune arrangerte ein slik konferanse, og ifølgje tilbakemeldingane bør det heller ikkje vera siste gong. Den blei godt motteken blant mange av dei 180 frammøtte.

 

Ordførar Reinart Kvernaland og kommunalsjef Britt Ellinor Scott opna dagen. Det var mange ulike tema denne dagen, blant anna: hjelpefella, trygg og sikker kvardag, verdighet og livsglede, smart mat for ei betre helse og overskot i kvardagen, det gode liv og alkoholen og brannsikkerhet i heimen.

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete