Seminar for deg som er pensjonist

 Me ønsker deg som er pensjonist velkommen til seminar Korleis kan ein sjølv ta grep for å leve eit godt liv?  

Klikk for stort bilete

Torsdag 13. juni 2019 i Bryne kino
kl. 10.00-14.00

Program
09.30 Morgonkaffi
10.00 Opning av dagen v/ ordførar Reinert Kverneland og kommunalsjef Britt Ellinor Scott
         Hjelpefella v/ Janne Torland
         Trygg og sikker kvardag v/ Jan Salve Torgersen 
         Humor og helse v/ Tordis Sandvik
11.45 Pause med matservering og besøk på ulike stands 
12.45 Kulturelt innslag
        Smart mat for ei betre helse og overskot i kvardagen v/ Gunnhild Flatin Oftedal
        Det gode liv og alkoholen v/ Signe Nijkamp
        Brannsikkerhet i heimen v/ Marie Forberg Aanestad
13.55 oppsummering og slutt kl. 14.00

Praktisk informasjon og påmelding:
På grunn av matservering ber me om at du melder deg på innan 3. juni til service@time.kommune.no eller telefon 51 77 60 00. 

Har du matallergiar må du gje oss opplysningar om dette.
Har du medisinske utfordringar for å koma, kan me hjelpa med transport.  Då treng me opplysningar om adressa di.