Samskaping med Brynekyrkja

Klikk for stort bileteI haust vil representantar frå kommunen vera med på kveldsgudstenester i Brynekyrkja for å halda foredrag om ulike tema.

Kyrkja på Bryne skal i haust ha ein gudstenesteserie kalla «Folkehelse i kyrkje og kommune». Det skal vera fire gudstenester i denne serien, og kyrkja har invitert kommunen til å halda foredrag desse kveldane.

Sokneprest Stein Ødegård synes det er flott at kommunen og kyrkja kan samarbeide, og meiner at dette kjem innbyggarane våre til gode:

- I kyrkja set me veldig stor pris det gode samarbeidet med Time kommune. Me trur at folk flest vil nyta godt av at kyrkje og kommune går i takt og spelar kvarandre så gode som muleg. Me er svært glade for at kommunen ønskjer å bidra så sterkt og kjem i kyrkja med føredrag på kveldsgudstenesta fire kveldar i haust, seier han.

Samskaping

Den første av desse gudstenestene var sundag 25. august. Då var detKlikk for stort bilete rådmann Trygve Apeland og folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad som hadde foredrag om kommunen sitt arbeid med folkehelse. Rådmannen satte stor pris på invitasjonen:

- Det var veldig kjekt å få vera med på gudstenesta på sundag. Kyrkja set fokus på viktige tema på kveldsgudstenestane i haust, og me synes det er flott at me kan vera med å bidra på desse. Eg opplever at me har ein god relasjon til kyrkja, noko desse gudstenestane vitnar om, seier han.

Vidare trekk han fram at kommunen er opptekne av samarbeid og samskaping med andre aktørar, og at dette er eit veldig godt ekspempel på samskaping:

- For oss er det viktig å vera med på samskaping med andre aktørar i kommunen vår, og samarbeidet med kyrkja er eit godt eksempel på dette. Ved å arbeida saman med andre aktørar vil me på ei rekke ulike felt kunna skapa betre tenester og tilbod til innbyggarane våre, seier han.

Meir informasjon og program for dei neste kveldsgudstenestane finn de på nettsida til Brynekyrkja