Samarbeid om to hjul

El-bysyklane er klare til bruk 
Klikk for stort bileteKlar for første sykkeltur Synnøve Obrestad Skrettingland   

Time kommune har saman med partnarar jobba i fleire år med å etablera ei ordning med el-bysykkel i Bryne. Satsinga på el-bysykkel i Bryne og på Håland næringsområde er eit samarbeid mellom bedriftene Depro as, Total Betong as, og Nordic Steel as og Time kommune.

Det er i første omgang utplassert til saman elleve el-bysyklar på fire ulike stader. I Bryne sentrum finn du syklane utanfor Storstova og ved Bryne Stasjon. På Håland næringsområde vert det syklar utanfor Depro (og Total Betong), og ved Nordic Steel.

For å låna ein sykkel må du lasta ned og bruka Kolumbus sin billettapp

God tur!