Resultatet for 2018 er klart

Time kommune har i 2018 hatt eit utfordrande økonomiår.


Klikk for stort bilete

Utgiftsveksten er over dobbel så høg som inntektsveksten. Kommunen sine skatteinntekter har hatt lågare vekst enn gjennomsnittet i kommunenorge, kvart år dei siste fem åra. Netto driftsresultat ender dermed på 5,1 millionar kroner, det vil seia 0,4 % av driftsinntektene.

Skatteinntekter har i forhold til budsjett ein svikt på 9 millionar kroner, men dette vert dekka av høgare skatteutjamning. Eit godt finansresultat bidreg positivt til kommunen sitt resultat.

I kommunen sine tenester er det eit meirforbruk på 21 millionar kroner. Dette kjem særleg frå barnehage, barnevern, omsorg og NAV.

Netto meirforbruk 2018 blir for kommunen 8,8 millionar kroner. Meirforbruket er dekka av disposisjonsfond.

Rådmannen vil leggja fram sak for formannskapet om budsjettendringar for 2019 for å hindra eit nytt meirforbruk i inneverande år. Saka vil verta behandla i møtet 12. mars.