Råd til deg som har vore i Oslo og nærliggande kommunar

Klikk for stort bileteSmittevernoverlegane på SUS og i 15 kommunar i Rogaland ber alle tilreisande frå Austlandet om å vera spesielt merksame på symptom i dagane etter at dei kom til regionen. 

I Nordre Follo er det påvist eit mutert virus og mange kommunar i og rundt Oslo har sett i verk strenge tiltak for å stoppa smittespreiinga.

Mange kommunar i sørfylket sende i helga ut pressemeldingar med råd til tilreisande frå kommunane på Austlandet som er råka av den muterte utgåva av koronaviruset. 

Smittevernoverlegane i Suldal, Hjelmeland, Strand, Stavanger, Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Bjerkreim, Sokndal, Gjesdal, Sandnes, Eigersund og Lund kommunar ønsker å presisera og utvida anbefalingane.

Råda frå smittevernoverlegane er følgande: 

  • Me rår alle frå å reisa til området om det ikkje er strengt nødvendig.
  • Me oppmodar alle som kjem tilbake til Rogaland om å vera ekstra varsame med kor mange du omgås med. 
  • Me anbefaler å unngå besøk til eldre og sårbare personar dei første 10 dagane etter at du er tilbake frå området.
  • Me oppmodar alle som har vore i dei aktuelle kommunane om å vera spesielt merksame på om de utviklar korona-symptom. 
  • Sjølv lette symptom som nyleg oppstått hovudpine, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber må føre til at du testar deg og vera i karantene til svar på testen ligg føre.
  • Har du i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i ein av desse kommunane, må du vise varsemd, og ha låg terskel for å testa deg.
  • Du vert råda frå å gjennomføra besøk på sjukeheimar og omsorgsbustader dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunane.

Dersom du allereie har testa deg utan symptom: 

  • Dersom du har testa deg utan å ha symptom etter å ha kome tilbake frå dette området bør du likevel følga råda om å vera varsam og følga godt med på eiga helse. Du må testa deg på ny dersom du får symptom. 

Korleis bestille test?

Du kan bestille test på www.c19.no 
Meir informasjon om testing her

Berørte kommunar på Austlandet:

  • Nordre Follo
  • Oslo
  • Enebakk
  • Ås
  • Vestby
  • Nesodden
  • Indre Østfold
  • Moss
  • Frogn
  • Våler