Råd for Halloween

Klikk for stort bileteÅrets skumlaste kveld nærmar seg! Men korleis kan me få det både skummelt og trygt på ein gong?

Folkehelseinstituttet anbefalar å finna alternative måtar å feira Halloween på i år. Dette kan for eksempel vera skattejakt, rebusløp eller liknande i lag vener/familie som ein vanlegvis er i lag med.  

Det er også mogleg å gå den tradisjonelle knask eller knep runden for dei som ønsker det, men då er det viktig å følga Folkhehelseinstituttet sine råd for dette.

Generelle smittevernråd for Halloween:

  • Ingen sjuke skal delta.
  • Hugs reine hender og god hostehygiene.
  • Følg gjeldande forbod og råd om antall personar som kan vere samla der du bor.
  • Finn gjerne alternative måtar å feira halloween på i år, for å begrensa antall kontaktar. Skattejakt, rebusløp og liknande er gode alternativer til «knask eller knep».
  • Arranger gjerne halloween-fest for klassen, barnehageavdelinga, vennegruppa eller andre faste kohortar. Følg i tilfelle dei samme råda som for bursdagar: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/barn-og-unge/?term=&h=1#lek-og-samvaer-paa-fritiden
  • Bruk ferdiginnpakka snop.
  • Ikkje del halloween-sminke med andre enn dei du bur med.

Du kan gå «knask eller knep» viss du følger desse råda:

  • Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.
  • Gå i små grupper og med dei du er saman med til vanleg.
  • Hold avstand til andre grupper viss det blir kø framfor enkelte hus.
  • Den som opnar døra, er den som delar ut snop. Hugs reine hender, eller bruk skei/pølseklype.
  • Vent med å eta snopet til runden er ferdig og du har fått vaska/sprita hendene.
  • Ikkje del snop.
  • Ha gjerne ein vaksen med på runden: dei kan passa på både smittevern og trafikk i mørket.

Meir informasjon frå Folkehelseinstituttet