Program for tenning av julegrana på Bryne, Undheim og Lyefjell

Klikk for stort bileteHer er program for tenning av julegrana på Bryne, Undheim og Lyefjell sundag 1. desember.

Bryne torg. Sundag 1. desember kl. 17.00

  • Bryne musikkorps og Bryne Skulekorps spelar julesongar frå kl. 16.30
  • Appell ved Asle Steinbru
  • Song og underhaldning av Unge SPOR og barnekora SmåSpor og Jungelkoret
  • KFUK-KFUM Speidergruppa skaper stemning med bålpanner
  • Smånissane frå Fantefølge kjem med kakemenn til ungane
  • Hels på Nissefar og kviskra juleønsker i nissekroken
  • Frelsesarmeen kjem med julegryta si
  • Brix Brygghus kjem med smaksprøvar
  • Julegrana og adventslysa vert tende
  • Gang rundt julegrana vert leia av Unge SPOR
  • Fakkeltog frå torget til kyrkja. Alle kan kjøpa seg fakkel på staden
  • For meir informasjon, sjå Facebook-hending

Undheim. Sundag 1. desember kl. 16.00 - 19.15

Kl. 16.00: Kafeteria i Undheim samfunnshus med sal av riskrem og småkaker.
Loddsal og utlodding:
Fenalår, kalkunar + andre gevinstar

Kl. 18.00: Tenning av julegrana ved Undheim Handelslag

  • Ord for dagen
  • Gang rundt julegrana
  • Jæren Showblås
  • Nissar kjem med gåver

For meir informasjon, sjå nettsida til Undheim samfunnshus.

Lyefjell. Sundag 1. desember kl. 16.00

Lyefjell vellag ønsker velkommen til julegrantenning ved Lyehallen. Korpset og koret er med og skapar god julestemning. Det vert også sal av graut, saft og gløgg av Polenkomiteen. Kanskje kjem nissen på besøk?

For meir informasjon, sjå Facebook-hending.

Kvernaland

Det vert dessverre ikkje noko arrangement i forbindelse med tenning av julegrana utanfor Kvernaland samfunnshus i år.