Når ein person får konstantert ein demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet. Det kan oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for dei demenssjuke og deira pårørande.
Å vera pårørande er svært krevjande, derfor er det viktig med auka kunnskap om dei ulike tema som står i programmet.
Program vår 2023
- Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:30-20:00.
- Måndag 20. februar 2023 - Demenssjukdommar.
- Måndag 06. mars 2023 - Kommunikasjon og samhandling.
- Måndag 13. mars 2023 - Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemiddel som støttar personar med demens.
- Måndag 20. mars 2023 - Framtidsfullmakt og verjemål.
- Torsdag 30. mars 2023 - Pårøranderolla.
Stad: Gjesdal kommune
Adresse: Veveriet, Rettedalen 4, 4340 Ålgård.
Arrangør: Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune i samarbeid med Jæren demensforening.
Kvar kveld vert innleia med ei forelesning og vert avslutta med samtalar i faste grupper.
Time kommune har fått tildelt 9 plassar på pårørandeskulen.
Pris er 300 kroner per person, og 100 kroner per person for medlemmar i Jæren demensforening. (For å verta medlem, send e-post til: jaeren.demensforening@gmail.com)
Kaffe/te og enkel bevertning.
Påmelding innan 30. januar 2023
For påmelding, spørsmål eller ønske om meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator Bente Lura på telefon 904 07110.
Les meir om demens og om tilboda i Time kommune.