Prioriterer barn og unge

Klikk for stort bileteIdrettshallar og symjehallar opnar opp for trening for barn og unge under 20 år.

Regjeringa vidareførte i dag dei fleste smitteverntiltaka dei innførte 4. januar, men det vert gitt nokre lettelsar for barn og unge.

Time, Klepp, Hå og Gjesdal har i dag hatt møte om smitteverntiltak på Jæren. Dei fire kommunane ser det viktige signalet regjeringa gir med at det er barn og unge som skal skjermast frå tiltak i størst mogleg grad. På bakgrunn av dei nasjonale smitteverntiltaka, og i lys av den lokale smittesituasjonen, vil følgande vera gjeldande frå 20. januar:

Symjebasseng

  • Symjebasseng opnar for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år.
  • Alle symjebasseng er fortsatt stengde for offentleg bading.

Idrettsanlegg

  • Alle kommunale idrettshallar og gymsalar opnar for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år, men vil fortsatt vera stengde for organisert aktivitet for personar som er 20 år eller eldre. Alle idrettslag vert oppfordra til å gjera det same.
  • Alle utandørs idrettsanlegg er opne.
  • Organisert trening må verta gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og rettleiar frå det enkelte særforbund.
  • Toppidretten har eigne retningslinjer, og skal følga desse.
  • Alle idrettslag vert oppfordra til å avlyse kamper, turneringer og stevner i tråd med regjerina si anbefaling.

Kulturskular

  • Kulturskulane opnar for fysisk oppmøte.

Fritidsklubbar

  • Fritidsklubbane opnar igjen.

Bibliotek

  • Biblioteka er opne, men dei fleste fysiske arrangement er avlyste.

Politiske møte

  • Alle politiske møte vil vera digitale inntil vidare.

Skular og barnehagar

Rådhusa

  • Dei fleste tilsette på rådhusa har heimekontor.
  • Me oppfordrar på generelt grunnlag alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon.
  • I Time vil Innbyggarservice vera tilgjengelege på rådhuset.

Storstova og Bryne kino

  • Storstova er stengt ut januar.
  • Bryne kino har maks 20 personar på kvar førestilling. 

 

Me viser til nasjonale retningslinjer når det gjeld arrangement og besøk i heimen.