Portforbod for høner i hagen

Har du høner i hagen, eller andre fjørkledde i bur? 

Du kan vera med og hindra vidare smitte etter fugleinfluensautbrotet i eit fjørfehald i Klepp.

I Time og andre kommunar er det nå innført  portforbod for fjørfe og andre fuglar i bur. Det tyder at slike fjørkledde dyr nå må haldast inne, eventuelt ute i ei innhegning med tett tak.

  • Mattilsynet er ansvarlig for å håndtere utbruddet av fugleinfluensa, oppdatert informasjon finn du her: Utbrudd av fugleinfluensa | Mattilsynet
  • Meld frå til Mattilsynet om du oppdagar daude fuglar.
  • Har du spørsmål om fugleinfluensa kan du ringa Mattilsynets svartjeneste på 22 40 00 00.
  • Risiko for smitte til menneske blir vurdert som svært liten.

Her finn du meir informasjon om fugleinfluensautbrotet på Jæren