Plasten i resten

Frå 1. januar 2019 skal plastavfall kastast saman med restavfall - Klikk for stort bilete Frå og med 1. januar skal plastavfall kastast saman med restavfallet i den grå/svarte dunken.

Frå 1. januar vil derfor restavfallsdunken (og bleiedunken) verta tømt annan kvar veke, i staden for kvar fjerde veke som har vore praksis dei siste åra. Sjå i tømekalenderen for å finna kva dag restavfallet vil verta tømd hos deg.

 

Dei som har hatt dunk til plastavfallet kan enten behalda denne sjølv, eller levera den inn gratis på gjenvinningsstasjonen på Sele. Grunnen til at plasten nå skal kastast i restavfallet er at det nye sorteringsanlegget på Forus vil sortera ut plasten automatisk.

 

Kva skal me gjera med plastavfallet me samlar opp etter den siste hentinga i desember?
For å gjera overgangen litt enklare kan abonnentar setta fram plastsekken som vanleg dei to første vekene i  januar. Etter det er det heilt slutt på at renovasjonsbilen tar med seg plastsekker som er satt fram.

 

Sjekk tømmekalenderen
Ein del gater får endra tømmedag i 2019. Det er derfor viktig at alle sjekker tømekalenderen nøye.
Tømekalender 2019 (PDF, 7 MB)

 

Endre abonnement
Ønskjer du å gjera endringar på renovasjonsabonnentet ditt? Dette kan du gjera her:
Bestilling og endring av renovasjonsabonnement

 

Meir informasjon om renovasjonsordinga i Time kommune finn du her:
Renovasjonsordning Time kommune