Planforslag kommuneplan 2018-2030 - Arealdelen

Time formannskap vedtok i møtet den 14. mai 2019 å legga kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 ut til offentleg ettersyn.
Klikk for stort bilete

Revisjonen har vore mindre omfattande enn tidlegare sidan samfunnsdelen og fleire andre relevante planar nyleg er reviderte og godkjende. Arealet til dei ulike utbyggingsformåla som vart lagde inn i førre plan, viser seg å kunna dekka venta utbyggingsbehov fram til 2030. Desse er det ikkje endra på.

Planforslaget er meir enn det førre arealdel var, tydeleg på ein føreseieleg og kontrollert hushaldering med utbyggingsområda over tid. Det vil seia at alle områda er vurderte når dei kan byggast ut. Det er særleg rundt tett-stadane det er lagt inn nokre nye utbyggingsområde. Først og fremst for å visa retning for framtidig utbygging for på det viset få til gode, kompakte tettstadar. Dei aller fleste av desse nye områda kan likevel ikkje byggast ut før etter denne planperioden. Unntaket er Lyefjell der ein i planperioden ønsker å legga til rette for utbygging langs fv. 506. Omtalte grep vert vurderte som den beste måten å ta omsyn til jordvernet på både på kort og lengre sikt.

I planarbeidet har me hatt ekstra fokus på handtering av overvatn. Heile kommunen er vurdert for å sjå kor me møter utfordringar ved store nedbørsmengder. I føresegnene er det innarbeidd ein klar strategi korleis utfordringane med overvatn skal kunna førebyggast.

Næringsarealet på Håland har potensial for fortetting. Det er mellom anna føreslått å utarbeida områdeplanar som skal visa korleis dette potensialet kan tas ut.

Me vil arrangera folkemøte
12. juni 2019:  kl. 19.00-21.00 på Frøyland skule (aulaen)
13. juni 2019: kl. 19.00-21.00 på Lye skule (aulaen)

Planforslag og meir utfyllande informasjon

Eventuelle merknadar kan sendast elektronisk til Time kommune   eller per post til Time kommune, postboks 28, 349 Bryne: 

Høyringsfristen er 14. juli 2019