Person frå Time har fått påvist covid-19 smitte

Klikk for stort bileteEin person frå Time kommune har idag fått påvist smitte av covid-19 under ei reise i utlandet.

- Vedkommande vart testa umiddelbart ved ankomst til Norge, og gjekk så rett i heimeisolering. Det er derfor ikkje grunn til å tru at vedkommande har smitta andre i Time, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Totalt har 13 personar frå Time fått påvist smitte av covid-19. Forrige positive prøve var 30. mars.