Pamela Sudmann er tilsett som kommunalsjef for tenesteområdet Oppvekst. Ho har vore
konstituert i stillinga som kommunalsjef sidan juni 2023. Sudmann har opphaveleg stillinga
som skulesjef i kommunen, ei stilling ho har hatt sidan 2012. Ho er utdanna lærar og har i
tillegg ein mastergrad innan endringsleiing.
- Pamela Sudmann har vist stor kapasitet og forståing for ansvaret og
arbeidsoppgåvene som ligg i stillinga som kommunalsjef det siste året ho har vore
konstituert i rolla. Eg er trygg på at Sudmann vil leia tenesteområdet Oppvekst på ein
god måte inn i framtida og vera eit godt tilskott til mitt leiarteam, seier
kommunedirektør Trygve Apeland.
Tenesteområdet Oppvekst omfattar barnehagar, skule, helsestasjon, familiesenter,
barnevern, pedagogisk psykologisk teneste (PPT), kulturskule, vaksenopplæring og
flyktningteneste.
- Det er eit stort ansvar å vera leiar for eit tenesteområde med over 700 tilsette og som
leverer så viktige tenester. Eg er motivert for å ta fatt på både utfordringane og
potensialet som ligg i oppvekstområdet, og er glad for tilliten som er vist meg med
denne jobben. Tenesteområde Oppvekst er eit stort lag med svært dedikerte og
dyktige medarbeidarar. Saman med dei skal me gi dei yngre innbyggjarane i Time ein
god start på livet og evne til å meistra det, seiar Pamela Sudmann.
Sidan Sudmann allereie er konstituert i rolla som kommunalsjef, trer tilsettinga i kraft nå.
Kommunen vil lysa ut stillinga som skulesjef snarleg.