Ordføraren sin nyttårstale

Ingeborg Skrudland

 

Kjære alle saman. 

Heile talen kan du sjå her (Jærbladet)

Eg skulle ønskje eg kunne seia «godt å sjå dykk», men slik vart det ikkje i år. Kommunen hadde planlagt ei nyttårsmottaking i god tradisjon med utdeling av utmerkingar, kulturelle innslag og hyggeleg samvær. Covid-variaten «Omikron» slo ned som ei bombe i byrjinga av desember og førte til endra arbeidskvardagar og begrensa sosial kontakt. Derfor har me alle opplevd at ting ikkje vart heilt som planlagt denne desember. Det har vore heimekontor, hurtigtesting, ny runde med vaksineringar, born som er heime frå barnehage og skule, og munnbind på kollektivtransport og butikkar.  

Jula er for mange synonymt med familieselskap og sosiale treff med venner og kjente. Fleire har måtte avlysa eller legga om desse planlagde selskapa når dei nye smittevernstiltaka kom. Ei viktig tradisjon for mange i jula er å gå i kyrkja, høyra julebodskapen og synge julesalmar. Kyrkjene på Jæren pleier å vera fylt til randen på denne tida. Dette satt òg Omikron dessverre ein stoppar for.  

Eg forstår godt at folk kjenner seg trøtte og leie av pandemi og restriksjonar. Eg er lei! Samtidig vil eg be dykk om fortsatt innsats. Det er tungt, men målstreken er ikkje langt unna. Og kanskje skal me minna oss sjølve på kvifor me gjer dette. Dei fleste nordmenn er jo ikkje i risikogruppa. Men me ønskjer å ta vare på dei som er utsette. Me ønskjer eit samfunn der me tenkjer på naboen, på bygda vår og på samfunnet vårt.  

I Time er rundt 88 % av innbyggjarar over 18 år fullvaksinerte mot Covid. Sist eg sjekka var det høgast av Jærkommunane. Tusen takk til alle dykk som har vaksinert dykk. Det er bra for dykkar eiga helse, men det er òg bra for heile kommunen. Det er saman at me kjem oss ut av denne pandemien. Så er det slik at målet ikkje er å nå 100 % vaksinerte. Det er til dømes grupper som ikkje kan ta i mot vaksinen av medisinske årsaker. Men det er fortsatt fleire i Time som kan vaksinera seg, men ennå ikkje har gjort det. Eit godt nyttårsforsett er derfor: Gå å ta vaksinen. Den fungerer. Om du ikkje tenkjer korona er så farleg for deg fordi du er ung og frisk, så ta vaksinen for dei som ikkje er det. Det er rett og slett god jærsk dugnadsånd. De er hjarteleg velkomen! 

På vaksinestaden vil de verta møtt av nokre fantastiske menneskjer. Det kan vera personar som arbeider i kommunen, men det kan òg vera pensjonistar og andre frivillige som har stilt opp for å bidra. Gjennom heile denne pandemien har me sett korleis dei som står i førstelinja, enten det er i vaksinering, i heimetenesta, på sjukeheimane, legekontora eller andre stadar, bretter opp ermene og gong etter gong gjer ein fantastisk innsats for oss alle. Me skuldar dykk ein stor, stor takk. Utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg.  

Og alle dykk andre som gjennom arbeid og fritid bidreg til å redusera smitten og konsekvensane av pandemien: Tusen takk for dykkar innsats! 

Året me har lagt bak oss har, tru det eller ei, har faktisk vore prega av andre ting enn pandemien.   

I september gjorde me noko som generasjonar på generasjonar før oss har kjempa for at me skal ha moglegheit til. Me gjekk og putta ei stemme i ei stemmeurna og bestemte kven som skulle sitte på Stortinget og kven som skulle styre Noreg vidare. 

Vekene før valet er prega av valkampen. Politiske parti kjemper om å ha dei beste politiske løysningane og om å få mest merksemd i media. Dei fleste av dykk har fått brosjyrar i postkassen og kanskje gått sikksakk for å unngå stands til partia på vei inn til butikken. Det er kampen om kven som skal få tilliten og stemmen til den einskilde.  

Her i Time valte 80,9 % av dei med stemmerett å gå å stemma. Det var litt lågara enn dei to siste stortingsvala. Men det var høgast av dei tre Jærenkommunane og høgare enn gjennomsnittet for Rogaland. Når oppteljinga var klar viste resultatet at heile tre Timebuarar hadde fått stortingsplass: Margret Hagerup frå Høgre, Geir Pollestad frå Senterpartiet og Ingrid Fiskaa frå Sosialistisk Venstreparti. Det er eit høgtideleg oppdrag dei har fått på vegne av veljarane i Rogaland, og eg vil ønske dei lykke til med jobben dei neste fire åra.  

På nasjonalt nivå førte valet til eit regjeringsskifte. Etter åtte år som statsminister ga Erna Solberg nøkkelen til kontoret vidare til Jonas Gahr Støre. Nå er det nok ikkje overraskande for nokon at ein Høgre-ordfører hadde håpt på fire nye år for Solberg, men eg veit at Støre kjem til å styra Noreg på ein god måte – sjølv om eg kjem til å vera ueinig med nokre av dei politiske løysingane hans. 

I ein av dei TV-sendte debattane før valet så var Støre og Solberg utfordra av programleiaren til å seia noko positivt om den andre. Det hadde ingen av dei nokre problem med, og omtalen dei kom med synte ein stor grad av gjensidig respekt for kvarandre. Ja, dei var sjølvsagt ueinige, og ofte rykande ueinige, om dei politiske løysingane. Men denne respekten for kvarandre låg likevel i botn. 

Dette såg me òg igjen i dei ulike nøkkeloverrekkingane i kvart departement i samband med regjeringsskiftet. Det at nøkkelen til statsrådskontora vert gitt frå den avgåande statsråd til den påtroppande er ein symbolsk handling som synleg markar maktskiftet. Dei som følgde dette på TV eller nettavisene kunne sjå at det var gode ord på tvers av politiske skillelinjer. Det var rett og slett ein verdig og god maktoverføring. Slik har det vore i Noreg så lenge me kan hugsa, og då er det lett å ta det for gitt. Men med storminga av den amerikanske kongressen i samband med godkjenning av valresultatet i landet i byrjinga av 2021, gav oss ein kraftig påminning om at det ingen sjølvfølge at det er slik. Det er noko med må sette pris på og verna om.  

Kommunestyret hadde sitt siste møte for 2021 den 14. desember. Då vedtok me økonomiplanen for kommunen som legg føringar for kva me skal bruka pengar på dei neste fire åra. Dette året var det ennå fleire parti som sto samla om det som vart det endelege budsjettet. Eg meiner det er mykje godt som kan trekkast fram og som Timebuen kan sjå fram til i tida som kjem. Særleg er eg glad for at me allereie dette året skal starte bygginga av den nye idrettshallen på Bryne som vil tilsvara to «Timehallar» i storleik på speleflatar. I tillegg framskunda me ny symjehall med eit år i forhold til det opphavelege forslaget. Det betyr at i 2023 startar bygginga av den også. Både idrettshallen og symjehallen skal byggjast i nær tilknyting til Timehallen. Det betyr at me får eit skikkeleg idrettsområde midt på Bryne!  

I budsjettet har kommunestyret òg vedteke 2,5 millionar kroner til ein ny tursti på Undheim. Det skapte fleire overskrifter og ein del diskusjon når det vart bygd ein enkel og billig tursti langs vegen frå Undheim og opp mot Taksdal. Dette har vore ein strekning der det lenge har vore ønske om ein gang- og sykkelsti for skuleborn og andre som ferdast langs vegen. Det å byggja ein fullverdig sykkelsti ut i frå dagens krav kostar både mykje pengar og krev mykje areal, og på begge sider av vegen opp mot Taksdal er det dyrka mark. 

Når så initiativet kom om at ein dugnadsgjeng ønskja å setja i gang arbeid for å få på plass ein forenkla versjon då stilte kommunen opp med pengane. Resultatet var at vegen kom på plass rekordraskt og veldig rimeleg. Dei som brukar vegen er godt nøgde med å ha fått gatelys og ein trafikksikker måte å verdast langs vegen som gåande og syklande.  

Jærbuen er kjende for å få ting gjort, og denne modellen ønsker me å vidareføra langs Undheimsvegen. 

I 2021 har Time kommune fått nokre hundre fleire innbyggjarar. Det er nyfødte, folk som har flytta frå andre delar av landet og frå utlandet. De er alle saman hjarteleg velkomne til Time. Eg lovar at me som sit i kommunestyret skal arbeida for at kommunen stadig vert ein betre plass å leva og bu. I tillegg har me eit næringsliv som stadig er i utvikling og ser framover.  

I slutten av året fekk Aarbakke prisen for Årets bedrift av Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Det er første gang denne prestisjetunge prisen går til ein bedrift i Time. Det er ikkje noko berre Aarbakke bør vera stolte av, det kan me alle vera stolte av. Som juryen så godt sa det så står Aarbakke fram som eit symbol på noko av det beste med norsk, og ikkje minst jærsk, industrihistorie med arbeidsmoral, skaperkraft, omstillingsevne og samfunnsansvar. Dette symboliserer også dei andre bedriftene i Time, og me setter pris på alle som ønskjer å satse i vår kommune. 

Ein av kommunen sine innbyggarar har gjennom sine idrettsprestasjonar markert seg tydeleg ikkje berre i nasjonal presse, men så til de grader i internasjonale mediar. Erling Braut Haaland har satt Bryne på kartet og med sin markande dialekt så skal ingen vera i tvil om kor han kjem frå. Det er kjekt å sjå ein brynebu rundspilla andre i den tyske Bundesliga. Då får de vera «vannari» kva lag me eigentleg heiar på. I Time heier me på Erling!  

Eg vil òg takka nabokommunane for godt samarbeid i året som har gått. I mange saker er det Klepp og Hå me samarbeider med. Spørsmålet om eit nytt jærsk legevaktsamarbeid har vore til behandling i kommunestyret i 2021, og konklusjonen var eit ønskje om eit slik samarbeid. I år skal me sjå på moglegheita for eit felles brannvesen. Gjennom pandemien har me òg hatt eit nært og godt samarbeid. Det er godt å ha gode naboar, og i botn og grunn er me jo Jærbuar alle saman.  

For min eigen del legg eg bak meg mitt første heile år som ordførar. Det har vore eit travelt og utfordrande år. Men det har òg vore eit svært givande arbeid der eg har fått treffa mange kjekke folk rundt om i heile kommunen. Eg sett pris på alle dykk som tek kontakt og som kjem med innspel og tilbakemeldingar gjennom året. Det er gjennom dialog og samarbeid at me kjem framover og kan utvikla kommunen vår til å verta enda betre.  

Den 04. oktober vart eg far for tredje gong til ein liten gut, Olav. Eit av mine fremste mål som politikar er at det skal vera godt å veksa opp i Time kommune. Det å få ein god barndom det gjer oss betre føresetnadar til å takla livet som kjem. I følgje Ungdata-undersøkinga er Time ein god plass å veksa opp i, men me må alltid arbeida for å gjera kommunen ennå betre for ennå fleire. Særlig i lys av pandemien og dei utfordringane det har gitt for unge si psykiske helsa og fråfall i den organiserte idretten. Dette må me gjera ein stor innsats for å retta opp i tida som kjem. Kommunestyret har vore tydelege i budsjettet på at dette er eit prioritert område, og eg veit kommunen sine medarbeidarar arbeidar systematisk med dette. Samtidig er me avhengig av alle dykk som legg ned frivillig arbeid i lag og organisasjonar for barn- og unge, fortset med det. De gjer ein uvurderlig innsats!  

Til slutt vil eg koma med ei lita oppmoding. Jula er for mange ei koselig og kjærkommen høgtid. Men jula kan i vanlige tider òg vera ei tid der folk slit med einsemd. Og det kan vera ekstra utfordrande i ei jul som me har vore gjennom nå der folk har måtte avgrensa sin sosiale aktivitet. Kanskje er det nokon som har enda opp med å sitja meir aleine denne jula enn vanleg. Uansett, så er mi oppmoding at me alle tenker oss godt om. Er det nokon me trur hadde satt ekstra pris på en telefonsamtale nå? Er det nokon me skulle brukt nokre ekstra minuttar å tatt ein kopp kaffi med? Eg trur at tida me gjer av oss sjølv er noko av det beste me kan gje kvarande. 

Riktig godt nytt år til dykk alle saman.