Ordførarane i Klepp, Time og Hå sin julekalender

Klikk for stort bilete Ordførarane i Klepp, Time og Hå har planar om ein julekalender i år. Saman med frivilligsentralane ønsker dei å heidra 24 personar som gjer kommunane litt gladare. Kom gjerne med tips til kandidatar du meiner fortener å verta løfta fram.

Kjenner du nokon som frivillig stiller opp for andre, og gjer kvardagen litt gladare eller enklare for dei? Gode eksempel er når ein person, ung eller eldre, svak eller sterk, bruker av fritida si til f.eks. å hjelpa andre, eller å jobba med idrettsanlegg, frilufts-område, nærmiljøanlegg og liknande. Enkelt forklart, send inn tips om folk stiller opp for andre.

Dette er ikkje ein konkurranse eller ei rangering. 24 personar vil få ei helsing frå ordføraren fram mot jul. 8 frivillige frå kvar kommune vil få ei helsing. Med å løfta fram desse som gjer ein innsats, kan ein kanskje mobilisera fleire til å gjera det same.

Send inn ditt forslag innan 10. november
Send epost til frivilligsentralen@time.kommune.no for å koma med forslag.

Du kan også  ta kontakt med frivilligsentralen ved spørsmål om dette, tlf 90477858.