Ordførar Reinert Kverneland søker om fritak frå alle politiske verv

Klikk for stort bilete Ingeborg Skrudland Ordføraren i Time, Reinert Kverneland, søker om fritak frå både ordførarvervet og dei andre politiske verva han har i Time kommune. 

Kverneland har vore ordførar i Time sidan 2011, og er inne i sin tredje periode. Det er helsemessige årsaker som gjer at han nå søker om fritak frå alle politiske verv:

- Det har vore ei stor ære og privilegium å vera ordførar i Time, og eg vil takka innbyggarane for den tilliten dei har vist meg. Nå er helsesituasjonen min slik at eg ikkje lenger kan legga ned den innsatsen som krevst av ein ordførar, og då er det betre for både meg og kommunen at eg trer til side. Dette har vore ei vanskeleg avgjerd, og ikkje noko eg har teke lett på, seier han.

Lang fartstid i lokalpolitikken
Reinert Kverneland kom først inn i kommunestyret i 1975, og kan sjå tilbake på eit langt engasjement i lokalpolitikken. I tillegg til at han har vore ordførar i ni år, har han òg hatt fleire periodar som varaordførar.

- Gjennom alle desse åra har eg jobba saman med folkevalde frå ulike parti, og eg vil takka alle for godt samarbeid. Sjølv om me har vore ueinige om politiske saker har det alltid vore ein god politisk kultur i Time, seier han.

Reinert Kverneland har vore kjent som ein omgjengeleg og jordnær ordførar, og han har i løpet av sine ni år i ordførarstolen vore involvert i mange viktige saker:

-  Eg synes at me har fått til mykje bra dei siste åra, og det er vanskeleg å trekka fram ei enkeltsak som viktigare enn andre. Me har mellom anna fått til flotte parkar både i Bryne sentrum og på Stemmen på Kverneland, og eg er veldig glad for at me fekk den nye vidaregåande skulen til Bryne. I lag med gode samarbeidspartnarar har me fått på plass brua Midtgardsormen over Frøylandsvatnet, på Lye fekk me for nokre år sidan eit flott nytt idrettsanlegg, og på Undheim har me mellom anna oppgradert i sentrum og me har utvida gravplassen. Dette er nokre av dei gode sakene me har fått gjennom, men eg kunne nemnd mange andre også, understrekar han.

Som ordførar er også Kverneland den av dei folkevalde som har arbeida tettast med administrasjonen i kommunen. Han er nøgd med korleis dette samarbeidet har fungert:

-  I mi tid som ordførar har eg samarbeida med to rådmenn, og mange dyktige medarbeidarar i den kommunale organisasjonen. Eg vil nytta denne moglegheita til å retta ei stor takk til dei tilsette i kommunen for jobben dei gjer, særlig i dei utfordringane me står i for tida. Eg har satt stor pris på det samarbeidet me har hatt, seier han.

Prosessen vidare
Søknaden om fritak vil verta behandla i kommunestyret sitt møte 15. september. Dersom kommunestyret godkjenner søknaden vil dei deretter foreta val av ny ordførar i det same møtet.