Ordførar Reinert Kverneland sin nyttårstale

Ordførar Reinert Kverneland haldt nyttårstale i samband med nyttårsarrangement på Time rådhus 1. januar 2019.

Kjære alle saman – Godt nytt år!

Det er ein glede å kunne ønske dåke alle hjarteleg velkomne til nyttårsmottakinga her i Time rådhus. Eg vil takke dei som bidreg musikalsk for å markera det nye året. Me set stor pris på det.

Det er eit høve til å sjå framover, når me nå går inn i eit nytt år, men hendinga i Marokko like før jul der Maren Ueland (28) og Louisa Vesterager Jespersen (24) sine liv gjekk tapt på så tragisk måte, får oss til å stoppa opp og tenka kor skjørt eit liv kan vera.

Det gjer meg som ordførar stolt at fakkeltoget me hadde, synte eit stort samhald i kommunen, der tankane først og fremst gjekk til pårørande, vener og kjente til avdøde. Dette har prega heile nasjonen og ikkje minst oss her på Bryne.

Nyttårsmottakinga er på mange måter ei feiring av dei gode øyeblikka. Fleire som er her i salen skal heidrast for store prestasjonar. De har bidratt til å gi oss gode opplevingar i 2018. Bak alle prestasjonane ligg år med satsing, og mange timer med trening og timar med dugnadsarbeid. Takk skal de ha.

Det er viktig for Time kommune å legga til rette for utbygging av idrettsanlegg. Bryne vidaregåande skule har store behov for meir hallkapasitet og me håpar at Bryne FK klarer å realisera sitt prosjekt med oppstart av bygging i løpet av året.

Bygging av felles ungdomsskule, idrettshall og turnhall i Vardheia i saman med Klepp starter i 2019, og me ser fram til planlegging og oppstart av ny symjehall som skal ferdigstillast i 2023. Med dette og tidlegare tilrettelegging av turområder, vil kommunen ha god dekning av anlegg og områder for fysisk aktivitet for idrett og friluftsliv.

Det er viktig for meg at innbyggarane i Time kommune kan trivast og at dei har ei god helse. Eg er glad for at me som kommune har ei sterk satsing på folkehelse og tidleg innsats. Arbeidet blir retta mot alle aldersgrupper og innbyggarar i kommunen.

Me kunne før jul lesa i avisa at bedrifta Aarbakke hadde rekordstore ordrereservar i 2019. Marknaden har snudd og optimismen er på veg tilbake.

Store grep er tatt i industrien. I vår region, som hadde den største effekten av oljeprisnedgangen med ei arbeidsløyse på det verste på 5 %, ligg arbeidsløysa i jærkommunane under 2 prosent.

Oppsvinget me nå ser har kome raskare enn venta. Låge renter, låg lønnsvekst og svak valuta har stimulert til investeringar og høgare eksport. Kostnadskutt og høgare oljepris er ein viktig drivar for det nye oppsvinget me nå ser i oljerelaterte næringar.

Planarbeid

Bryne er i 2018 rangert som ein av dei ti mest framtidsretta byar/bykommunar i landet i nyleg utgitt byindeks utarbeidd av Multiconsult.

Kultur for verdiskaping, kompetanse, tettleik og stadskvalitet har vore sentrale faktorar i vurderinga.

Vidare utvikling av Bryne og kommunen i åra framover vil mellom anna vera avhengig av pågåande regionalt og kommunalt overordna planarbeid. Første del av Regionalplan for Jæren 2050 vil venteleg bli godkjend av Rogaland fylkeskommune tidleg i 2020. Planen vil gje nye føringar for å realisera vekst med bykvalitet i Bryne og Bryne som regiondelsenter blir klarare definert. Mellom anna skal publikumsretta eller besøks-/arbeidsplassintensive funksjonar som berre blir gitt på ein stad på Sør-Jæren lokaliserast i Bryne. Kvernaland blir og no føreslått som lokalsenter.

Generelt sett vil krav om bustadfortetting i nye utbyggingsområde auka. Dette mellom anna som følgje av betydeleg innskjerping av jordvernomsyn. Mest truleg vil det bli lagt føringar til kommunane om å fastsetja eigne jordvernmål i arbeidet med revisjon av kommuneplanane, då tufta på ny nasjonal jordvernstrategi.

Revisjon av arealdelen til vår kommuneplan vil venteleg bli lagt fram for godkjenning hausten 2019. Her vil nemnde føringar i Regionalplan for Jæren 2050 bli følgt opp. I gjeldande arealplan ligg det stort sett inne nok utbyggingsareal for bustader i høve folkeveksten fram mot 2030.

Å følgja opp ny jordvernstrategi blir ei utfordring i høve nye bustad- og næringsområde, men og for landbruksnæringa sjølv som dei siste ti åra har bygd ned om lag 200 dekar jordbruksareal kvart år i Rogaland. Planlegging av framtidig areal for overvasshandtering  og at auka nedbør blir gitt avløp gjennom grøne infiltrasjonsområde og opne vassvegar blir og eit prioritert område i ny arealdel.

Planlegging og oppstart av dobbeltsporet til Nærbø – håper eg me får ei løysing på i 2019. Dette er viktig for å auka kollektivtrafikken, men og for at bandlegginga av areal på begge sider av jernbanesporet gjennom Bryne kan opphevast slik at eigarane av dei berørte eigedomane kan realisera utbyggingsplanane sine.

Eg er bekymra for dei auka trafikkutfordringane me får når vegen frå Skjæveland til Foss-Eikeland blir opna i år og all den ekstra tungtrafikken som då finn vegen gjennom Kverneland og Undheim der vegen ikkje er laga for massiv tungtrafikk. Spesielt er eg redd for alle ungane som har skolevegen sin på denne strekninga. Håper me får ei avklaring om tverrforbindelsen frå Foss-Eikeland til Bråstein og eventuell omkjøringsveg om Kvernaland i år.

Bryne er byen på Jæren og er i utvikling. Fritz Røed skulpturpark og arbeidet kring Bryne Mølle blei avslutta i året som var. Kinoen er komen på plass og eg har tru på at alt dette er viktige bidrag til å etablera eit sentrum kor innbyggarane i Time og på Jæren, både unge og eldre,  kan møtast til aktivitetar og rekreasjon.

Lokalisering av politiet skal avgjerast i 2019 og med kryssar fingrane for at valet som blir tatt er byen på Jæren som framtidig plassering.

Kultur

Ny kulturplan vil bli lagt fram for godkjenning første halvdel 2019 og gje føringar for ønska utvikling innan kultursektoren dei komande ti åra.Tidleg i år reknar me og med å få endeleg avklart driftsforholda kring Fotland bygdemølle.

15 års jubileet for Fritz Røed skulpturpark står og på programmet i år.

Bryne kino har hatt god publikumsoppslutning dei første tre driftsmånadene, og er blitt eit løft for byutviklinga. Me vonar no verkeleg at jærbuane frametter nyttar det flotte kinotilbodet midt i Bryne.

Det kan og nemnast at frå 2019 vil kommunen dela ut idrettsstipend kvart år under kulturkvelden i november.

Samarbeid

Sjølv om kommunereforma fekk det utfallet den fekk på Jæren, er det positivt at me saman med våre naboar i Klepp ikkje har «parkert» samarbeidet der me ser det kan tena innbyggjarane våre. I 2019 er våre NAV-kontor slått saman til eit felleskontor, og våre flyktningtenester blir samlokalisert og organisert under eitt på Bryne kompetansesenter der og opplæringa til flyktningar i våre kommunar er blitt gitt over fleire år. Noverande legevaktteneste mellom våre kommunar vil i 2019 få avklart om framtida blir som no eller om tenesta vil inngå saman med Sandnes og Gjesdal i felles lokale med Jæren Ø-hjelp og vårt felles interkommunale brannvern i Sandnes.

Fornya, forenkla og forbetra

Kommunen har etter oljenedturen fått eit varig redusert inntektsnivå. Staten legg i tillegg effektiviseringskrav som føresetnad i rammetilskotet. Kommunen har som følgjer av dette ein stram økonomisk situasjon, noko som gjer det nødvendig å tenkja nytt i prioritering av tenesteleveringa. Dei ulike kommunalområda søkjer heila tida å vera innovative og å vera ein aktiv part i vidareutvikling av tenestene dei leverer.

Det er eit mål at me skal vidareutvikla ein kultur for endring og innovasjon i verksemdene. Nye digitale løysingar skal takast i bruk og gi betre tenester til innbyggjarane.

Me er stolte av å ha fått IA-prisen for 2018. I statuttane for IA-prisen står det at den skal gå til «en virksomhet som kan vise til godt og systematisk arbeid der IA-avtalen overordnede mål er ivaretatt». Dette betyr bl.a. å betre arbeidsmiljøet, styrka jobbnærværet, førebyggja og redusera sjukefråværet og hindra utstøting og fråfall frå arbeidslivet. Prisen viser at arbeidet vårt vert lagt merke til blant eksterne aktørar me samarbeider med. Andre kommunar lar seg inspirera av, og er også interessert i, korleis me arbeider med sjukefråværet. Her er det gjort eit formidabelt arbeid der leiarar, tilsette, verneombod og tillitsvalde har jobba saman for å nå dette målet.

Eg vil retta ein stor takk til kvar og ein som arbeider i Time kommune, ein ekstra takk til dei som har vore på jobb mens me andre har hatt fri, og som sørger for gode tenester for dei som trenger det døgnet rundt.

Til slutt vil eg ønskja dykk alle det beste for 2019. Godt nytt år!