Oppfriskingsdose til alle over 65 år

Alle over 65 år i Time får tilbod om ein tredje dose med koronavaksine i veke 47 (22. - 26. november).

Målet med ein slik oppfriskingsdose er å auka beskyttelsen mot å bli alvorleg sjuk ved smitte, betra føresetnadene for høg grad av beskyttelse også mot nye virusvariantar, og dessutan forlenga beskyttelsen. 

Timebestilling:
Alle over 65 år i Time kan nå bestilla tredje dose. Vaksineringa vil føregå i veke 47, 22. - 26. november. For dei som ikkje har anledning i veke 47 vil det også vera mogleg å få vaksinen på eit seinare tidspunkt. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette. 

Bestill time her

NB: Det må gå minst ei veke mellom koronavaksinen og influensavaksinen, og minst fem månader mellom dose 2 og dose 3 med koronavaksine. 

Bebuarar på institusjon har allereie fått tilbod om tredje dose, og vaksineringa der er fullført.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar kan også bestilla tredje dose. Dei dette gjeld vil bli kontakta av sjukehuset.

Meir informasjon om oppfriskningsdose/tredje dose:
https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppfriskningsdose-til-eldre-og-sykehjemsbeboere/