Varsel om forsinkingar og mogleg nedetid

Grunna nødvendige systemoppdateringar, kan det oppstå forsinkingar og nedetid i nokre av dei digitale tenestene våre i perioden fredag 26. mai-måndag 5. juni. Det kan oppstå forseinking i saksbehandling, og postlister og møtesaker kan verta utilgjengelege på nettsida vår i perioden. 

Me beklagar eventuelle ulemper dette medfører. 

Oppfriskingsdose med koronavaksine for personar over 75 år

FHI (folkehelseinstituttet) anbefaler ny oppfriskingsdose til personar 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheimar.
 

Mostphotos

I Time vil det vera drop-in for deg på 75 år eller eldre torsdag 30. mars i kommunestyresalen,
kl. 10.00-14.00.
Du må har vore frisk dei tre siste vekene før ny vaksine.
Hugs å ta med legitimasjon når du kjem.

For dei som ikkje har anledning å møta denne dagen er det vaksinering på apoteka desse tidene:
Apotek 1 Kvernaland, måndagar.  Bestill time på nett eller ring tlf. 51 42 43 00 
Apotek 1 Bryne, onsdagar mellom kl. 0900-1430.  Bestill time på nett eller ring 51 77 07 77. Det er også moglegheit for drop-in. 

Anbefalingar for våren 2023:
* Ny oppfriskingsdose vert anbefalt til personar 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim.
* Ny dose vil vera særleg aktuelt for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon tidlegare og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.
* Det bør ha gått meir enn 6 månadar sidan førre dose.
* Vaksinering bør gjennomførast i løpet av april.