Omkøyringsvegar på Rosseland

Klikk for stort bilete I samband med anleggsarbeid i Kong Haakons veg og Kong Haralds gate, vert Kong Haakons veg stengd for gjennomkøyring. Kong Haralds gate vil verta stengd for trafikk til og frå Kong Haakons veg.

Dette er gjeldande frå 12. mars kl 09.00 til 12. april.

Omkøyring til Kong Haralds gate vert gjennom Hetlandsgata, Kong Sverres gate og Kjeldevegen, mens omkøyringsveg til Eivindsholen vert gjennom Eivindsholvegen.

Gåande og syklande følgjer raud stipla line på kartet.

Fullstendig oversikt over dette kan ein finna i dette kartet:

Kart over omkøyringsvegar på Rosseland

Jan Sørheim (tlf. 468 65 016) kan svara på spørsmål om pågåande anleggsarbeid.