Om renovasjon i tida med koronavirus

Endringar som følgje av situasjonen med koronavirus 

Klikk for stort bilete 

Kurs i heimekompostering
Alle kurs i heimekompostering på Ullandhaug gård er avlyste. 

Venta med å melda endringar
På grunn av korona-situasjonen, oppmodar me innbyggarane om å venta  med å melda inn endring av abonnement, øydelagde avfallsdunkar og anna som kan vente. Avfallstenesta må prioritera innsamling av avfall og dei viktigaste og mest akutte oppgåvene i denne tida.

Me bed instendig om at det ikkje vert plassert laust avfall ved avfallsdunkane og ved miljøpunkta for glas- og metallemballasje.

Grovavfall via hentavfall.no
På grunn av korona-situasjonen må me midlertidig stenga ned innsamling av grovavfall. Det vert inga henting av grovavfall frå og med 23.mars.

Då me ikkje veit kor lenge situasjonen varer, tek me ikkje imot nye bestillingar nå. Det er ikkje kapasitet til å laga ventelister, eller å flytta bestillingar til seinare.

NB! Det er viktig at du som har lagt inn bestilling på henting etter 23.3., går inn og bestiller ny henting når tenesta igjen er open. Dette vil verta publisert på nettsida til vår og på sosiale mediar. 

Gjenvinningsstasjonane
Gjenvinningsstasjonane på Forus og Sele er stengde så lenge me har situasjonen med koronavirus.
IVAR ønskjer å avgrensa smittefare og i tillegg nytta eigne tilsette til dei mest kritiske oppgåvene.  Oppdatert informasjon finn du på IVAR sine nettsider.