Nye tømmedagar for søppel

Klikk for stort bileteMe innfører nye tømmeruter i 2020. Cecilia Anne Marie Sandsmark Frå og med 1. januar har me innført nye tømmeruter for henting av avfall. Mange vil derfor få søppelet sitt henta på andre dagar enn før.

Det er derfor viktig at alle sjekkar tømmekalender 2020 for å finna sin nye tømmedag. Me anbefaler også å lasta ned renovasjonsappen vår slik at du kan få melding dagen før tømmedag.

Same selskap hentar søppelet på Jæren
Frå januar 2020 vil søppeldunkar for privathushaldningar i Time, Klepp og Hå verta tømde av NordRen AS. Dette firmaet gjer allereie denne jobben i dei to sistnemde kommunane, og frå 1. januar skal dei og gjera dette i Time. I forbindelse med dette vert tømmerutene endra i alle tre kommunane. Renovasjonsansvarleg for Time kommune, Anita Austigaard, fortel at det er omsyn til miljøet som gjer at rutene nå vert endra:

- Rutene vert endra for å gjera henting av søppel endå meir effektivt og miljøvenleg. Det vil verta tatt i bruk nye og meir miljøvenlege bilar, og rutene vert lagt opp slik at det vert mindre køyring samla sett, seier ho.

I tillegg har dei nye bilane lågt innsteg til førarhuset, noko som gjer at renovatørane som hoppar inn og ut av bilen mange hundre gonger til dagen vil få mindre belastning.

Anna informasjon om renovasjonen
Glas- og metallemballasje:
Kast på miljøstasjon.

Bleiedunk: Slutt på tømming av bleiedunk frå 1. januar 2020.

Matavfallsposar: Knyt ein pose på dunken, så leverer renovatørane ut ein ny rull. Dei med nedgravne containerar må ta kontakt med kommunen for å bestilla nye rullar. Kan også hentast hjå Innbyggarservice på rådhuset.

Henting av avfall: Bestill henting av hageavfall, grovavfall og farleg avfall via www.hentavfall.no

Tømmeruter: Ligg på nettsida og i eigen app. Appen kan lastas ned i App Store og Google Play. Søk etter «Renovasjon Time kommune». Papirversjon av tømmekalender kan hentas hjå Innbyggarservice på rådhuset.