Nye anbefalingar på Jæren

Klikk for stort bileteI jula har me fått ein sterk auke i talet på koronasmitta. Den trenden må snus. På veg inn i nyttårsfeiringa er råda klare frå kommuneoverlegar og ordførarar i jærkommunane.

- Me deler bekymringa med kollegaane våre på Nord-Jæren. Sjølv om vaksinen er på veg, er det svært viktig å halda nede smitten i samfunnet. Her må alle bidra, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.

Felles anbefalingar

Etter felles beredskapsmøte i dei fire kommunane Time, Klepp, Gjesdal og Hå, har me kome fram til desse anbefalingane:

  • Kollektivtransport:
    Unngå bruk av kollektivtransport. Dersom du likevel må reisa med kollektivtransport eller taxi, må du bruka munnbind.
     
  • Redusera sosial kontakt:
    Alle bør redusera sosiale kontaktar (nærkontaktar) til maks. 10 personar per veke. Dette gjeld ikkje kontaktar i eigen husstand eller i arbeids-/skulesituasjon. (I tillegg gjeld dei nasjonale avgrensningane på antall personar du kan ha på besøk).
     
  • Besøk ved sjukeheimar:
    Besøkande må halda minst ein meter avstand til den dei besøker, og til andre bebuarar og personalet. Dersom ein av ulike grunnar ikkje kan halda ein meter avstand, skal besøkande bruka munnbind.
    Les meir om besøk ved sjukeheimar her.
     
  • Heimekontor: 
    Arbeidsgivar må legga til rette for bruk av heimekontor og digitale møte. Dette gjeld særleg der arbeidstakarar er avhengig av kollektivtransport, eller der plassforholda på arbeidsstaden gjer det vanskeleg å halda avstand til andre. Formålet er å redusera talet på nærkontaktar.

Anbefalingane er gjeldande frå 30.12.2020 kl 22:00.

Time, Klepp, Gjesdal og Hå gir foreløpig ingen nye, lokale råd når det gjeld arrangement, idrett og uteliv. Men situasjonen blir vurdert fortløpande, og arbeidet med å førebu ei eventuell forskrift er sett i gang.

-Demp nyttårsfeiringa

Ordførarane og kommuneoverlegane har ei felles bøn til innbyggarane om å dempa nyttårsfeiringa og tenka på smittevern.

-Unngå store samlingar, og ver helst i lag med dei du vanlegvis treffer. Å avgrensa den sosiale kontakten, og å halda avstand til andre, er særs viktig, seier Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp.

-Me vurderer at jærkommunane er på risikonivå tre, ifølge Folkehelseinstituttet si inndeling i fem risikonivå. Nivå tre vil seia at me har aukande smittespreiing med fare for rask forverring dersom ein ikkje set i verk ekstra tiltak, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.