Det skal lagast ny fotgjengerundergang under FV44 ved forlengelsen av Lindevegen på Kåsen i Klepp kommune. Då vil alle som bur på byggefeltet Tjøtta gard og vestsida av fylkesvegen, kunne gå trygt til Tu skule og idrettsalegga på Kåsen.
For å få dette til blir fylkesvegen stengt frå og med måndag 20. juni og fire veker framover. Det blir lokal omkjøyring på staden, med låg fartsgrense.
Innbyggjarar blir oppmoda til å velje ein annan veg om det er mogleg.
Heile anlegget skal så ferdig i september. Undergangen er eit rekkefølgjekrav for utbyggjar i gjeldande "Områderegulering Tjøtta B27 og B29" og Klepp kommune bidreg og til bygginga av denne skulevegen.
Bildet viser kor omkøyringa kjem
Klepp kommune