Ny koronavaksine på veg

​​​​​Kommunane på Jæren vil snart ta i bruk ei oppdatert koronavaksine frå Pfizer/Biontech. Denne vaksinen vert gitt som oppfriskingsdose, og gir noko betre beskyttelse mot omikronvarianten.  

Den nye vaksinen har fått namnet Comirnaty Original/Omikron BA.1. Har du allereie teke fjerde dose treng du ikkje ta denne i tillegg.  

- Den nye vaksinen gir omtrent same beskyttelse mot alvorleg sjukdom som den opphavlege vaksinen, men gir noko betre beskyttelse mot å bli smitta av omikron, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.  

Den nye vaksinen kjem til Klepp og Hå i veke 37 og til Time i veke 38. Kommunane vil fram til det vaksinera med opphavleg vaksine. Dei som har bestilt tid for oppfriskingsdose, men ønsker å vente på den nye vaksinen, kan utsetta timen. Dei dette gjeld i Time kan kontakta det apoteket der dei har bestilt tid. 

Den nye vaksinevarianten skal berre brukast som oppfriskingsdose, det vil seia dose 3 og 4. Grunnvaksineringa, dose 1 og 2, vil framleis vera med opphaveleg vaksine.