Ny hjelpetelefon for barn, unge og vaksne

Klikk for stort bileteBronseskulpturen "Søstre" av Marit Wicklund.Time-Teamet er klar til å svara på telefonar frå alle som har behov for å snakka med nokon.

Telefonnummer: 51 77 62 62
Opningstider: Måndag til fredag kl. 09.00-21.00

Barn, ungdom og vaksne i alle aldrar kan oppleva tida med unntakstilstand knytt til korona-viruset som vanskeleg. Det kan vera at du føler deg åleine, at du kjenner deg trist, eller at du har andre utfordringar som er vanskelege å handtera.

Kommunen har derfor oppretta Time-Teamet, ein hjelpetelefon for alle som har behov for å snakka med nokon. Her vil du møta ein trygg og stødig vaksen som lyttar forstår og støttar.

Teamet er sett saman av tilsette frå familiesenteret, fritid, PPT, barnehage og barnevernet. Innringarar som ønsker det kan også bli satt i kontakt med tilsette innan psykisk helse.