Ny bubilparkering på Bryne i sommar

Time kommune etablerer bubilparkering sentralt i Bryne sentrum rett bak Time rådhus.

Parkeringsplassen er open for parkering av bubilar i perioden 18. juni – 15. august, og vil ha plass til om lag 15 bilar.

- Me er glade for at me har fått på plass bubilparkering så sentralt i byen vår i sommar. Både Bryne og Time har mykje å tilby besøkande, og det er flott at me på denne måten kan legga til rette for tilreisande med bubil, seier ordførar Andreas Vollsund.

Parkerer du ved bubilparkeringa er det berre eit par hundre meter å gå før du er midt i Bryne sentrum med restauranter, kafear, butikkar og uteliv. I tillegg har du kort veg til friluftsområdet Sandtangen og turstien vidare mot Njåskogen og Kvernaland. Turistkontor og elsykkelutleige finn du i og ved Time rådhus.

Meir informasjon om både bubilparkeringa, og kva du kan finna på i Bryne og Time finn du her:

Bubilparkering