Planprogrammet for «Områdeplan for området Orstad nord/Kalberg/Frøyland/Kvernaland» er nå ute på høyring.
Planprogrammet skal fastsetja føringane og vegen vidare for utbygginga.
At planprogrammet nå er ute på høyring betyr at du, som innbyggar i Time kommune, kan koma med dine innspel til forslaget, før det skal behandlast (fastsettast) av Utval for lokal utvikling i løpet av hausten.
Plankontor
For å gje deg informasjon om planprogrammet, ta imot dine innspel og svara på spørsmål, har me opna eit plankontor på Frøyland skule.
Plankontoret har ope kvar tysdag frå kl. 14:00 – 17:00 til og med 21. juni.
Du finn kontoret i 2. etasje i administrasjonsbygget, i møterommet Stemmen.
Informasjonsmøte
Me inviterer òg til eit ope informasjonsmøte om planprogrammet torsdag 9. juni kl. 19:00-20:30 i aulaen på Frøyland skule.
Her vil me informera om utkast til planprogram, prosessen vidare, og svare på spørsmål. Du treng ikkje å melda deg på i forkant.
Du finn planprogrammet og meir informasjon om prosjektet på nettsida vår ved å trykka på lenka nedanfor:
Planprogram for «Områdeplan for området Orstad nord/Kalberg/Frøyland/Kvernaland»