NAV Klepp Time er samlokalisert

Klikk for stort bilete Synnøve Obrestad Skrettingland  Tysdag var det markering for at NAV Klepp og Time er samlokalisert.

Etter fleire år med arbeid i ein prosess om å verta eitt kontor nå NAV-kontora i Klepp og Time kommunar vorte til eitt kontor.  Frå 1. januar 2019 har dei vore samorganiserte, og nå i frå starten av desember er dei også samlokaliserte.  Og nå startar samarbeidet, så NAV dirketør Sigrun Vågeng, som var med på markeringa. 
Ho helsa til alle dei tilsette, og heia dei fram.  Ho heldt fram at dei tilsette viser at dei er på eit framoverlent kontor, og dei viser at dei torer å gjera ting på nye måtar. 
 
Andre som helsa til alle tilsette på NAV Klepp Time var Merethe Prytz Haftorsen, direktør NAV Rogaland, rådmennene i Klepp, Torild Lende Fjermestad, og Time, Trygve Apeland, og Knut Hatteland  som er huseigar.  NAV Klepp Time held til i Kjøpmannsbrotet 5 på Kleppe.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete