Nå trappar kommunane ned smittesporing. Dette betyr det for deg.

Slik blir «den nye koronakvardagen» frå og med måndag 27. september

Kven skal i karantene?
  • Ingen. Det er ikkje lenger plikt til smittekarantene.
  • Personar som er i same husstand som ein smitta person (eller nokon som har hatt kontakt som liknar på det å bu i same hus, som for eksempel ein kjærast eller nokon som har vore på hyttetur saman), og som ikkje er fullvaksinerte, bør likevel anten avstå frå kontakt med andre i sju dagar eller gjennomføra eit testregime dei neste sju dagane.
Kva betyr "testregime"?
Kven skal eg varsla viss eg er smitta?
  • Smittesporarane i kommunen tar kontakt med nærkontaktar som er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Du har sjølv ansvar for å varsla andre nærkontaktar og oppfordra dei til å testa seg.
Er du nærkontakt, men ikkje i same husstand som den smitta?
  • Du bør testa deg, anten ved å bestilla test på c19.no eller ved hurtigtest
  • Du bør vera ekstra obs på symptom i ti dagar etter sist møte med den smitta.
  • Du bør ha låg terskel for ny testing ved symptom.
Kva gjer eg ved symptom?
Kvar kan eg henta hurtigtestar?

Du kan henta gratis hurtigtest desse stadane:

  • Time rådhus (man-fre kl. 09.00 - 15.00)
  • Teststasjonen ved Klepp legevakt 09.00-11.00 og 12.30-14.30 alle dagar.
  • Utlevering ved butikkar og bensinsstasjonar er inntil vidare stoppa.

Viktig informasjon om hurtigtest:

  • Send ein annan person for å henta testen om du har symptom.
  • Du bør vera heima til du får negativt testsvar og kjenner klar betring.
  • Vert du ikkje betre etter hurtigtest bør testen gjentas og då gjerne på Kleppe.
  • Om testen er positiv må du isolera deg frå andre og bestilla vanleg test på c19.no. Teststasjonen finn du i Olav Hålands veg 2, 4352 Kleppe, i lokala til Klepp og Time legevakt. 
Kva skal eg gjera om hurtigtesten er positiv?

Me ber om at alle set seg inn i reglane, nyttar nasjonal koronatelefon (815 55 015) og unngår å ringa legekontor og legevakt for spørsmål om dette. Legevakta ønsker å vera tilgjengeleg for dei som treng akutt hjelp, og for mange telefonar om smitte blokkerer for dette.

NB! Desse reglane vil vera gjeldande i tida framover, uavhengig av kva fase me er i i gjenopninga av Noreg.