Nå opnar symjehallane igjenFrå 1. september vert symjehallane på Bryne opna for offentleg bading. Både Bryne symjehall og Sivdammen helsebasseng har vore stengt for offentleg bading sidan me måtte stenga hallane i mars. Med nokre ekstra smitteverntiltak er nå alt klar for opning av hallane igjen slik at du kan ta deg eit bad: Unngå kontantbetaling, betal helst på Vipps, søk opp "Bading i Bryne" eller Vippsummer #116329 Symje-, bade- og leikeutstyr kan dessverre ikkje nyttast grunna smittefare. Du kan ha med eige utstyr Hald minst ein meter avstand til andre badegjester. Respekter oppmerking i garderobe- og dusjområde Sivdambassenget: Det kan ikkje vera meir enn totalt 15 personar samtidig i garderobar/symjehall Vask hendene før du går i garderoben Hald deg heime dersom du er sjuk I tilegg vil det vera ekstra reinhald av alle kontaktpunkt. Sist endra03.09.2020 10.01